Kålrabistappe

Kålrabistappe er kjempegodt tilbehør til eldhusrøykte produkter. Det fins mange gode oppskrifter på stappe, men valget vårt er denne med gulrot i. Gulrot gjev ein fin søtlig smak til stappa noko som passar ekstra godt til eldhussmaken på Lundalprodukta synes me.
Dette treng du

Til 4 personar

1 stor kålrabi
2 store gulrøtter
75 g melange eller meierismør
2 ss kveitemjøl
4 dl kraft frå koking

Slik går du fram
Skrell kålrabi og gulrøtter, del i bitar og kok til dei er møyre. Sil og mos grønnsakene. Bruk gjerne ei gammaldags stauke og mos for hand for ein litt grovare konsistens. Ha i smør.

Visp mjøl i litt vatn og tilsett det og kokekraft frå grønnsakene. Tilsett veske til passe tjukk konsistens.

Smak til med salt og pepper. (Eventuelt litt kraft frå kjøtt og/eller fløyte).