OM OSS

Spekemattradisjonen i Åkrafjorden

Med eit rennomé for god kvalitet og over 150-års tradisjon å ta vare på, kan ein aldri gå på akkord med kvaliteten.
I dag er det fjerde og femte generasjon som fører tradisjonane i familiebedrifta vidare. Eldhusrøyk gir framleis den milde og gode smaken på spekematen frå Lundal.

Alle som har køyrt ein del langs Åkrafjorden knyttar namnet Lundal til førsteklasses kjøtmat.

Både Åkrafjordpølsa og Åkerring er kjende og kjære produkt for dei mange som har gjort det til ein regel å stoppe ved Åkrafjordtunet og handle med seg kjøtmat frå Lundal når dei køyrer langs fjorden. Mange stoppar også for å eta middag i kafeen. Her er tradisjonsmat frå Lundal ofte på menyen. Du kan også kjøpa produkta våre i mange butikkar rundt om i landet.

Sjølv om det meste av produksjonen dreier seg om tradisjonsmat er det ikkje slik med maskinpark og anlegg. Hjå Johs. Lundal har me alltid hatt sansen for gode og effektive verktøy. Derfor har me kontinuerleg oppgradert produksjonslokala og maskinparken. I åra 2014 og 15 har me fornya heile produksjonsanlegget og installert moderne og effektive energiløysingar.

Følg oss på sosial media:

social_facebook_48x48     social_instagram_48x48

Våre produkt

Me produserer mange typar tradisjonsmat. Spekematen og pinnakjøtet er det me er mest kjende for.
Middagspølsene våre er også veldig populære. I tillegg me har også mykje anna godt å by på – alt med den kjende Lundal-kvaliteten.

Spekemat er resultatet av ein modningsprosess som på mange måtar kan samanliknast med vinproduksjon. Det er trente auge som ser, fintrimma nasar som luktar, følsomme hender som kjenner og kresne ganar som smakar seg til eit førsteklasses resultat.

Oppskrifter

Her deler me nokre av våre favorittoppskrifter. Nokre er eldre og tradisjonsrike. Og nokre er meir moderne, raske og smakfulle. Me vil legga til oppskrifter etter kvart, så kom gjerne innom for gode tips. Om du har gode oppskrifter du vil dela, send oss gjerne ein epost.