Rømmegraut med spekemat

Rømmegraut er skikkelig tradisjonsmat, og grauten vart mykje brukt som festmat før i tida. Servert med sukker, kanel, rosiner på toppen og spekemat (gjerne fenalår) attåt smakar det heilt nydeleg. Vår oppskrift inneheld litt semulegryn noko som er typisk for oppskrifter frå vestlandet. Me har også litt sukker i grauten under koking, men det kan ein sløyfe om ein vil.
Dette treng du

5 dl seterrømme

1 egg

½ kopp semulegryn

½ kopp kveitemjøl

1 l mjølk

Salt

Sukker

Slik går du fram
Bland rømme og egg i ei tjukkbotna panna. Kok opp. Rør inn semulegryn. Sikt på kveitemjølet medan du rører godt. Kok på svak varme til fettet kjem ut. Skrau av litt av fettet og ha det i ei bolle. Kok opp 1 liter mjølk i ei anna panne. Spe mjølka forsiktig opp i grauten så ikkje den sprekk. Ha grauten i ei skål og bre litt av fettet over til pynt. Server med sukker, kanel, rosiner, flatbrød og fenalår.