Blomkålsuppe med bacon

Heimelaga blomkålsuppa smakar nydelig. Med sprøsteikt Lundal bacon på toppen kan den serverast som middag eller som ein deilig kveldsrett.
Dette treng du

1 stort blomkål

8 dl vatn

2 dl fløyte/heilmjølk

½ stk finhakka løk

2- 3 ss melange

2 ss kveitemjøl

Salt

Pepper

Sukker

150 g  Lundal bacon

Slik går du fram
Rensk blomkål og del i mindre bukettar. Ha blomkål og vatn i ei panne og kok til blomkål er møyrt. Ta ut nokre bukettar og legg dei til sides. Bruk stavmiksar og kjør resten til ei jamn suppe. Steik baconet på moderat varme til det er møyrt/sprøsteikt. Møyrne løken i smør i ei steikepanne. Smelt 2-3 ss smør i ei lita panne og rør inn kveitemjølet. Spe med litt av krafta frå blomkåla til passe konsistens på jevningen (ikkje for tjukk). Ha litt og litt av jevningen over i suppa medan du rører godt. Ha i løk. Ha i fløyte/heilmjølk. La småkoke. Smak til med salt, pepper og sukker. Sil suppa. Fordel blomkålbukettar i suppeskåler og hell over suppe. Ha ei stor spiseskei bacon på toppen. Serverast med godt brød attåt.